Velkommen til Bjorøy skule

Bjorøy skule er ein fulldelt barneskule som held til på den idylliske øya Bjorøy, aust for Sotra. Øya fekk fastlandssamband gjennom ein undersjøisk tunnel i 1996, som gjer at øya er i stadig vekst. Det tek omlag 15 min å køyre til Bergen sentrum. Administrasjonsspråket i Fjell kommune er nynorsk, medan undervisningsmålet på skulen er bokmål. Rektor er Renathe Fagerbakke og undervisningsinspektør er  Inger-Helen Kallestad.


Om adventsgudstjeneste og annet opplegg

Fredag 15.desember får alle våre elever tilbud om å være med på adventsgudstjeneste i Foldnes kyrkje.

De som ikke skal dit får et annet opplegg samme dag på skolen. Dette blir et pedagogisk opplegg gjennomført av pedagog på skolen. I år tar vi utgangspunkt i human etisk forbund sine sider om alternativ julefeiring:

https://human.no/artikler/jul-og-julefeiring/

Av hensyn til planlegging ber vi alle om å gå inn og melde sitt barn på et av tilbudene innen fredag 8.12.17. Dette er obligatorisk.

For påmelding, klikk her

Med vennlig hilsen Rektor

Bjorøy og Tyssøy kulturlag inviterer til islandsk aften

Mange nasjoner er representerte på Bjorøy og Tyssøy.
BTK har lyst å invitere innvandrere til å dele litt av deres kultur med innbyggere på øyene våre.

Vi begynner med Island. En islandske familie har flyttet inn i den gamle skolen på Tyssøy.
Agnes Vogler er med i styret og har sammenflettet en innholdsrik og spennende aften.

Ikke vent for lange for å melde deg på! Kvelden ser ut til å være populær.

program og påmelding

Ny SFO-leiar er tilsett

Vi har tilsett Camilla Steinseth Ølnes som ny SFO-leiar her på Bjorøy skule. Camilla har tidligare jobba i Bjorøy barnehage. Ho startar opp her på skulen i 80% stilling 1.januar 2018.

Vi ynskjer Camilla hjarteleg velkomen til Bjorøy skule!

Rektor

Sykkel-VM

Helga 23.-24.september er det den store VM-helgen for oss i Fjell kommune. Det er eit stort arrangement på Sartor senter/Straume både lørdag og søndag. På søndag kan skulane på Lille-Sotra og Bjorøy få opptre på scenen. Bjorøy skule har ikkje innslag der, men elevane kan vere med å danse VM-dansen og dei kan vere med på mykje anna gøy. Det vil være representantar frå Bjorøy skule tilstades på arrangementet. Elever som ynskjer å vere med må stille saman med vaksne. Skulen tek ikkje ansvar for elevane denne dagen.

Planane rundt arrangementet og elevdeltakinga har endra seg i løpet av planlegginga av VM. I starten ville vi leggje ein obligatorisk skuledag søndagen for å få alle med oss. Dette har skulane på Lille-Sotra og vi på Bjorøy gått tilbake på. Grunnen til dette er at vi ikke er trygge på at vi klarar å ta ansvar for alle på ein god og sikker måte på eit så stort arrangement som dette har blitt. På Bjorøy fann vi det også vanskeleg å påleggje alle å køyre til Straume denne dagen. Sotrabrua er stengd i periodar så det kan vere vanskeleg å komme til og frå.

Vi oppfrodrar likevel alle til å vere med å heie denne helga. Enten på Straume eller andre stader langs løypa.

Les meir om det som skjer på Straume her:

http://www.sykkelivest.no/sykkel-vm/fansoner/sotra-kystby/

 

Bileta er frå 2. og 3.klasse sin VM-fest

Utedag

 

Tradisjonen tro har vi hatt utedag på Bjorøy skule no i oppstarten av eit nytt skuleår. I år valde vi å bli i nærmiljøet vårt på utedagen. 1.-3.klasse gjekk til Smivågen på Tyssøy og koste seg i fjæra der. 4.-7.klasse hadde syklar med seg og sykla løp og hadde andre sykkelaktivitetar. Vi tende i grillane slik at dei store kunne grille seg lunsj.

Les meir…

Bruk buss og båt under Sykkel-VM!

Under Sykkel-VM kan du nytta deg av ekstra buss- og båtruter i regi av Fjell kommune.

Laurdag 23. september og sundag 24. september går det ekstrabussar til og frå arrangementssonene på Ågotnes, Kolltveit og Straume. Videre frå Straume til Bergen sentrum går det eigne bussar. På sundag den 24. september går det båtrute mellom Ågotnes og Bergen sentrum.

Billettpris er kr. 30,- pr. reis. Billettar kjøpast elektronisk på førehand. Kjøp billettar her.

Skuleelevar, barn i barnehagane og foreldre har førsterett til å tinga billettar fram til torsdag 14. september klokka 16.00.

Her finn du ekstra bussruter, båtruter og infoblad om Sykkel-VM:

Sfo-leiar

Elisabeth Skjerdal sluttar som SFo-leiar på Bjorøy skule 1.september.

Vi ynskjer Elisabeth lukke til i ny jobb og takkar for den gode innsatsen ho har gjort her på skulen.

Leitinga etter ny sfo-leiar er i gong, stillinga kjem til å bli lyst ut snarast.

Rektor

 

Velkommen til nytt skuleår!

Vi her på Bjorøy skule vil ynskje alle velkommen til eit nytt skuleår!

Det er planleggingsdag for dei tilsette på skulen måndag 14.8 og tysdag 15.8. Desse dagane er sfo stengd.

 

Onsdag 16.8 er det skulestart for elevane. Alle møter då i gymsalen.

2.-7.klasse kl 0825-1200

1.klasse kl 0900-1200

Vi gler oss veldig til å sjå alle igjen!

Start/slutt for klassane dette skuleåret:

1.-2. klasse: Måndag-torsdag: 0825-1310, Fredag 0825-1225

3.-4.klasse: Måndag-fredag: 0825-1310

5.-6.klasse: Måndag, onsdag og torsdag: 0825-1405, tysdag og fredag: 0825-1310

7.klasse: Måndag, onsdag, torsdag og fredag: 0825-1405, tysdag: 0825-1310

Helsing alle her på Bjorøy skule