27. april opnar skulen for 1.-4. trinn, og sfo

Regjeringa har den 7. april avgjort at 1. til 4. trinn på skulane og skulefritidsordninga opnar den 27. april. Dette gjeld alle skulane på småtrinnet i Øygarden kommune. Det er ikkje avklart kva tid resten av grunnskuleelevane skal koma tilbake til vanleg undervisning.

Det er avgjerande for Øygarden kommune at alle foreldre, tilsette og barn skal kjenna seg trygge når dei kjem tilbake til barnehage og skule. Det er difor ein føresetnad at vi har på plass gode smitteverntiltak før vi opnar barnehagane og skulane. Vi kjem tilbake med konkrete opplysningar om korleis vi ser for oss  å klare dette på Bjorøy skule.

Les pressemeldinga frå regjeringa her

Over påske held vi fram med fjernundervisning på same måte som tidlegare.

Vi minner om at skulen også over påske har ei  tilsynsordning for elevar der begge føresette har yrker som blir definert som samfunnskritiske, og for dei elevane med særlege behov. Slike behov skal meldast inn til rektor: renathe.fagerbakke@oygarden.kommune.no
Tlf: 97527486

De finn til ei kvar tid oppdatert informasjon på kommunen si heimeside:

Øygarden kommune

Hilsen Renathe, rektor

Comments are closed.