FORELDREUNDERSØKINGA INNAN 30. APRIL

For to år sidan gjennomførte vi ei brukarundersøking/trivselsundersøking der De som foreldre/føresette fylte ut eit skjema som De fekk heim. Vi var veldig nøgd med tilbakemeldingane vi fekk då og har i samarbeid med skulemiljøutvalet (SMU) vald å gjennomføre ny undersøking i år.

Vi har vald å gjennomføre den elektroniske versjonen som er gjennom utdanningsdirektoratet. De får ein del spørsmål om skulekvardagen til borna Dykkar, samt at De også vil få spørsmål om SFO. De som har barn i SFO, svarar på dei spørsmåla.

De har fått heim ein konvolutt med brukarnamn for innlogging og tastar inn her for å gjennomføre undersøkinga innan 30.april:

http://80.239.56.101/ei/Login.aspx

De som har fleire barn, kan velje å svare for alle under eit brukarnamn, eller for alle barna ved å bruka dei ulike brukarnamna dersom det er ulik oppleving av skulekvardagen.

Vi håpar flest mogleg vil svare på foreldreundersøkinga!

På førehand takk!

Comments are closed.