Info – veke 45

Litt info om veka som følgjer:

  • Folkemøte tysdag kl 1900 vedk. framtida til Bjorøy skule. Alle er velkomne!
  • Elevane er ferdig ein time tidlegare på torsdag. Elevane sluttar då kl 1230. Skyss er ordna etter skuleslutt. SFO er open som vanleg. Elevane avspaserer tida dei var på tur til Fløyen.
  • SU/SMU møte torsdag kl 1700
  • Opplæring for dei tilsette i skjult mobbing v/Tove Flack torsdag.
  • Kontaktsamtalar vert gjennomført denne veka.

FRAMTIDA TIL BJORØY SKULE OG SAMBRUK MED LILJEVATNET SKULE

Rektor vil gje følgjande melding til heimane:

Rektor har i samtale med skulesjefen blitt orientert om at Rådmannen har teke saka knytta til Bjorøy skule av sakskartet og ikkje sett i sambruk med Liljevatnet i denne omgang. Saka knytta til sambruk med Liljevatnet skule vil med det ikkje ha med overføring av elevar frå Bjorøy som ein har vore førespegla. Rådmannen vil utarbeida ei eiga sjølvstendig sak knytta til framtida for Bjorøy og behova knytta til skulen vår. Det vil verte utarbeidd ein tilstandsrapport og dette skal igangsetjast snarast og vil koma i ei eiga sak i løpet av våren 2014.

Rektor kan med dette meddele at ingen elevar eller endringar i skulekvardagen vil skje før tidlegast til skulestart 2015. 

Dette til orientering!

Bjørnar Fjellhaug

-rektor-

Info – veke 43

Litt info om veka:

  • Kontaktsamtalar vert gjennomført i klassane denne og neste veke.
  • «Vandring gjennom Bibelen» ved kyrkjekontoret i 5. klasse på tysdag.
  • 5. klasse er på Rover onsdag.
  • SU/SMU møte torsdag
  • Halloweenfest på juniorklubben  for  5.-7.- klasse 25.10.13  kl 18-20. Kle deg ut hvis du har lyst. Inngang kr 20 og salg av brus og snop. Velkommen!
  • NB! Hugs påmelding til kulturskuletimen om tysdagane. Sjå eiga innlegg på heimesida. 

Kulturskulekurs i SFO-tida på Bjorøy skule skuleåret 2013–14 (kulturskuletimen)

Fjell kommune
Skulesjefen

Fjell kulturskule
03.10.13

 

Kulturskulekurs i SFO-tida på Bjorøy skule skuleåret 2013–14 (kulturskuletimen)

 

Vi har klart å få til ein kulturskuletime for Bjorøy skule.

På Bjorøy er det snakk om eit kurs i drama med den dyktige kulturskulelæraren Anett O Skansen.

Vi har sett opp time tysdagar frå 13.20 til 14.05.

Elevar i 2. klasse har førsteprioritet, og vi vonar at alle 2.-klassingane som søker skal få plass. Er det rift om plassane, er det dei første som sender inn søknaden som kjem med.

Elevane i 1., 3. og 4. klasse kan også søke. Dersom det er ledige plassar igjen før oppstart, vil dei første søkarane frå 3. og 4. klasse få tilbod om å vere med, så 1.-klassingar.

Det er ikkje eit krav om at eleven skal gå i SFO, men verken skulen, kulturskulen eller SFO har ansvaret for eleven mellom skuleslutt og kurs­start.

Eg veit at det er veldig kort frist, men vi vil gjerne kome i gang så snart vi kan.

SØKNAD

Du må søke på søknadsskjemaet til kulturskulen, som du finn på nettsida til Fjell kommune (www.fjell.no): trykk snarvegen til kulturskule nedst i midten og så fuglane på kulturskulesida. Treng du hjelp til dette, kan du spørje på biblioteket eller i servicetorget på Fjell Rådhus.

Er eleven registrert frå før, må du logge inn med brukarnamnet og passordet du tidlegare har fått i e-post frå oss (har du gløymt dei, kan du sende ein e-post til roger.martin@fjell.kommune.no og be om ei påminning). Elles trykker du berre på Ny elev og fyller ut detaljane der. På framsida må du velje Fjell kulturskule ● SFO, på neste sida trykker du på valet som gjeld for din skule. Er du påmeldt frå før (det kan du sjå når du loggar inn), treng du ikkje gjere noko som helst!

mvh

Roger Martin
avdelingsleiar
Fjell kulturskule

_____________________________________________________________

Du kan melde deg på med å trykkje her:

Info – veke 42

Vel overstått haustferie og vi er klare for innsats igjen 🙂

Litt info om veka:

  • Skulefotografering av alle klassar tysdag. 1., 4. og 7. klasse skal i tillegg ta portrettbilete. Det vert gjeve ut årbok i år også.
  • Foreldremøte i 5. klasse på torsdag.
  • Nasjonale prøvar i rekning denne veka.
  • «Vandring gjennom Bibelen» ved kyrkjekontoret i 5. klasse på tysdag.

 

Info – veke 38

Litt info om veke 38:

  • 7. klasse har starta prosjekt med maling av SFO-garderobar og kontor. Blir veldig bra!
  • Nasjonale prøvar i engelsk for 5. klasse vert gjennomført på tysdag.
  • Brannøving tysdag
  • Felles turdag for heile skulen til Fløyen på torsdag

Info – veke 37

Måndag er det valdag. Gymsal stengt, men vanleg skuledag.

FAU-møte tysdag kl 2000 på grendarommet.

Nasjonale prøvar i lesing for 5. klasse på onsdag.

«Vandring gjennom Bibelen»-kurs v/kyrkjekontoret for 5.klasse på onsdag.

Info – veke 36

Gymsalen er stengt fredag grunna klargjering til valdag. Gymsalen er også stengt for utleige måndag 09. september. Det er vanleg skuledag på valdagen.

7.klasse er tilbake etter ei flott leirskuleveke. 5. og 6. klasse gjennomførte sykkelprøven på fredag og det var vellukka.

Minner om at SFO-påmelding til haustferien må gjerast innan 20. september. Lenkje finn du på heimesida under fana «skjema».

Leksehjelp har starta opp denne veka.