Skuleruta for neste skuleår og årbok

Skuleruta for neste skuleår er klar. Du finn skuleruta for neste skuleår under fana «skulerute».

Skulestart hausten 2013 vert torsdag 15.august.

 

Årboka går i desse dagar i trykken. De vil innan kort tid motta tilbod om årbok. Vi har stor tru på at det blir ei flott bok for både elevar, foreldre og tilsette.

Skulebruksplanen på høyring

Komité for drift vedtok 22.01.13 samrøystes å leggje ut «Skulestruktur for Fjell kommune 2013-2030″ til høyring. For Bjorøy skule ligg det forslag om å byggje om og setje opp paviljongar frå 2014 for at skulen skal få ein kapasitet på inntil 150 elevar. Skulen skal på nytt vurderast i 2020 med tanke på vidare drift i høve utbygging og elevvekst. Det vert no seks veker med høyring og folkemøter om ny skulebruksplan. Sjølve planen finn du på www.fjell.kommune.no

Høyringsfristen er 05.mars.

Velkomen til Bjorøy skule si nye heimeside!

Velkommen til Bjorøy skule si nye heimeside! Håpar du vil like denne og vere innom her ofte! Her vil vi kome jamnleg med nyhende og diverse info. I margen til høgre vil du mellom anna finne linkar til nokre viktige sider og samarbeidspartnarar. Her finn du også siste nytt frå Fjell kommune. Kom gjerne med innspel og idear om betringar. Frå no av vil mykje av info til heimane gå via denne heimesida i tillegg til sms-varsling.