Vinnere av lesekonkurransen 2017

På fellessamling i gymsalen i dag ble vinnerne av Bjorøy skule sin lesekonkurranse 2017 annonsert. Premier ble delt ut og alle vinnerne fikk velfortjent applaus fra de andre elevene.

Gratulerer til alle vinnerne!

Brannvern i 3. og 6.klasse

I dag hadde 3. og 6.klasse besøk av brannvesenet. Brannforebygging var tema og 6.klasse fikk også prøve å slukke brann. Både brannteppe og skumapparat ble brukt i slukkinga. Dette var både gøy og lærerikt.


Les meir…

Påskelunsj

Torsdag 6.4 lagar vi til påskelunsj for alle elevar og vaksne på Bjorøy skule. Alle elevane tek med seg pålegg eller anna (sjå liste delt ut av kontaktlærar). Skulen kjøper inn brødmat.

Vi gler oss til ei kjekk stund saman!

Stengt gymsal

Etter ei undersøking av gymsalen er der funnet sprekkar i ein plate som vi mistenker at det kan vere asbest i. Dette kan medføre at det er asbeststøv i rommet. Det ble tatt ein del prøver og desse er nå sendt for analyse. Vi får svar på prøvene fredag eller måndag.

Svar på prøvane kom no i dag og dei viser ikkje teikn til asbest i plater eller i lufta. Heldigvis kan vi altså opne gymsalen for vanleg bruk igjen.

Rektor

Skidag for 5.-7.klasse

 

Onsdag hadde 5.-7.klasse ein fin dag i Furedalen alpinsenter. Der kunne elevane gå på tur, dei kunne ake og dei kunne kjøre alpint. Vi hadde også bål der elevane kunne grille pølser.

Tusen takk til foreldre som var med til Furedalen og gjorde turen ekstra hyggeleg for alle!

Les meir…

Kunstutstilling

 

I dag inviterte 5.klasse alle oss andre på skulen til kunstutstilling på grendarommet. Utstillinga var inspirert av kunstnaren Pablo Picasso. Vi fekk sjå teikningar og figurar, alt laga av elevane i 5.klasse. Figurane var laga av materiale elevane hadde funne heime. Kreativiteten har vore stor og det var veldig kjekt å sjå alle dei morosame figurane dei hadde laga.

Tusen takk til 5.klasse og Elisabethfor ei flott utstilling!

Under finn de fleire bilete frå utstillinga.

 

Les meir…

Trygg i Fjell – foreldrearrangement onsdag 15.2

Kveldsarrangement for foreldre kl 18.00 – 20.00Bilderesultat for trygg i fjell

Del 1.   Oppfølging av BRUK HUE- foredraget som elevane har hatt tidlegare same dag. Internett og andre sosiale medium er utfordrande arenaer både for barn og vaksne og vi treng å vera oppdatert på kva som skjer.

Del 2.  Panelsamtale etter modell av Debatten på NRK1. Marco Elsafadi vil  leie panelsamtalen.

    • Del 1. Erik Hanøy og Aleksander Solaat Rødland vil dele sine erfaringar med mobbing
    • Del 2. TRYGG I FJELL – arbeid med mobbing i Fjell kommune, erfaringar frå idrett, barnehage og skule.
  • Del 3. Ekspertpanel: Mobbeombod i Hordaland Mari-Kristine Morberg, leiar i Olweusgruppa i Bergen Andrè Baraldsnes, leiar i Kors på halsen Nelly Kongshaug, frå Barnevakten Kjellaug Tonheim Tønnesen og vår eigen Guttorm Helgøy.

 

 

Parkering Vi oppmodar alle om å vere tidleg ute, og oppmodar til kompiskjøring og parkering i kystbygarasjen (det tar 5 minutt å gå til Sotra arena).

Arrangementet er gratis, og det er inga påmelding.

 

Alle tilsette på Bjorøy skule vil vere til stades på arrangementet.

Vi håper at mange tek seg tid til å komme!

Kartlegg helse- og levekår for barn og unge

Helse- og levevilkår for barn og ungeI november/desember gjennomfører kommunane Fjell, Askøy, Sund og Øygarden ei undersøking av helse- og levekåra for barna i desse kommunane.

Undersøkinga vert gjennomført for elevane i femte til 10. årstrinn på alle skulane i Fjell, Sund og Øygarden kommunar. Også dei føresette til desse elevane er med på undersøkinga. I Askøy vert undersøkinga retta mot elevar frå femte til sjuande årstrinn og føresette.

Undersøkinga vert sendt elektronisk til foreldre og barn med e-post, It´s learning og SMS. Dei føresette må samtykkja til at barna deira kan delta.

Her finn du meir informasjon.