FerieSFO

Frå og med 1.august 2016 vil det vere open SFO i alle feriar her på Bjorøy skule. Dette uavhengig av kor mange som melder seg på. Påmeldingsskjema finn de på fjell.kommune.no. Det koster 825 for kvar veke. Også elevar som starter i 1.klasse neste skuleår kan melde seg på ferieSFO før skulestart (aug 2016).

 

Endring i ordensreglane.

Frå i haust av er det foreldrene som avgjer om og når borna får sykla til skulen. Dette vert slege fast i nye føresegner frå Utdanningdirektoratet. FAU ved Bjorøy skule ønskje likevel å halda på regelen om at det er lov å sykla frå 5. klasse. Etter handsaming i SMU og SU, her vi no teke dette inn som eit punkt i Ordensrutinane til skulen.

Nytt er det også at ballspel i gongane vert straffa med inndraging av ball til neste dag.

Revidert versjon av ordensreglar og ordensrutiner ligg på nettsida under fana Ordensreglar.

Refleksvestaksjonen på Bjorøy skule i full gong!

IMG_4131 Like sikkert som at mørketida kjem, kjem også FAU sin refleksvestaksjon. To dagar i veka i sju veker vert elevane møtte i skuleporten av ein forelder som registrerer kven som brukar vest og kva klasse dei går i. Det vert også ei pepparkake i handa til alle med vest.
Den klassen som har høgast andel refleksbrukarar vert premiert med ein dag på iskanten. Det vert også hyggelege premiar til nummer to og tre.

Moglegheitsstudium for Bjorøy skule til høyring

Komité for drift vedtok i dag at saka om tilstandsrapport og moglegheitsstudium for Bjorøy skule skal leggjast ut på høyring.

Bjorøy skule i dag
Bjorøy skule i dag

Dei fire ulike studia er kostnadsrekna frå om lag 11 millionar kroner for det rimelegaste alternativet til om lag 61 millionar kroner for det dyraste alternativet. Det billegaste alternativet inneber nødvendig opprusting. Dei tre alternativa som varierer frå 55 millionar kroner til 61 millionar kroner medfører ombygging og nybygg/tilbygg. Frist for innspel er sett til 1. september.

I saksutgreiinga vert det vist til at arkitekten går inn for å utgreia alternativ B2 vidare. Dette alternativet har ei førebels kostnadsramme på 54,9 millionar kroner. B2 inneber bygging av tilbygg mot nord i to etasjar. Eksisterande hovudbygg vert bygd om, medan gamlebygget vert rive.

Skulen på Bjorøyna er ikkje omfatta av kommunestyret sitt vedtak om endringar knytt til ny skulestruktur (2013-2030). Byggjeprogrammet for 2013-2030 viser ein vekst på 270 bustader spreidd gjennom perioden.

I Norconsult sin rapport til politisk arbeidsgruppe for ny skulestruktur går det fram at skulen vil ha stabile elevtal mellom 120 og 130 langt inn i perioden, medan det er venta ei stigning til 150 elevar mot slutten av perioden.

Stor lesekonkurranse avslutta til påskeferien!

Tusenvis av sider blei lest dei siste vekene før påske. Både elevar og personale deltok.
Størst oppslutnad var det i 1. og 3. klasse der nær 90% av elevane deltok. Premien for dette  blir kakabaking etter påske.

Det vart og så delt ut diplomar og premiar til dei 3 mestlesande på småtrinnet og mellomtrinnet. 1.premien var gratisbillett til teateret, saman med ein forelder!

LesekonkurransenHer er nokre av premievinnarane!

Fleire T-skjorter!

Stadig fleire elevar gjer seg fortente til den populære T-skjorta som nokre gonger i året vert delt ut til nominerte elevar.
Kriterier for å bli nominert er at eleven må ha utmerka seg med å visa omsorg for medelevar, trøysta og hjelpa, inkludera i leiken og ta tydeleg avstand frå mobbing og plaging.
T-skjorte 3