«Mobbing er som et troll, får det lys på seg så sprekker det»

I og med noko feil med linken sist, legg vi denne ut på nytt:

Inspektøren vår, Inger-Helen, sendte i vår ein epost til dåverande bilde (1)statsminister Jens Stoltenberg om å få bruke sitatet han hadde i BT om mobbing i antimobbeprosjektet vårt: «Mobbing er som et troll, får det lys på seg så sprekker det». Vi fekk klarsignal og ideen vart realisert. Marcus Vabø i 5.klasse gjekk av med sigeren av å teikne troll og vi fekk no nyleg trykt opp t-skjorter som elevane skal gjere seg fortent til! Ingen kan kjøpe t-skjorter, men alle skal og kan gjere seg fortent til ei. Dei som er gode, bryr seg om og tek seg av andre, får t-skjorter og vi gjer ut dei første på samlinga siste skuledag før jul. Din Flamme ved Jimmy Vangsnes og Håkon Furnes har tent på ideen og sponsa oss med t-skjorter! Det set vi umåteleg stor pris på! TUSEN TAKK!

bilde (3)

 

På juleavslutninga fredag 20.desember fekk dei første elevane sine eksklusive t-skjorter!

Elevane som fekk t-skjorter på fellessamlinga i dag var Nora,  Jostein, Linea, Martin, Nathalie og Julie. På bilete til venstre ser du dei saman med rektor Bjørnar og inspektør Inger-Helen.

 

«Mobbing er som et troll, får det lys på seg så sprekker det»

bilde (1)Inspektøren vår, Inger-Helen, sendte i vår ein epost til dåverande statsminister Jens Stoltenberg om å få bruke sitatet han hadde i BT om mobbing i antimobbeprosjektet vårt: «Mobbing er som et troll, får det lys på seg så sprekker det». Vi fekk klarsignal og ideen vart realisert. Marcus Vabø i 5.klasse gjekk av med sigeren av å teikne troll og vi fekk no nyleg trykt opp t-skjorter som elevane skal gjere seg fortent til! Ingen kan kjøpe t-skjorter, men alle skal og kan gjere seg fortent til ei. Dei som er gode, bryr seg om og tek seg av andre, får t-skjorter og vi gjer ut dei første på samlinga siste skuledag før jul. Din Flamme ved Jimmy Vangsnes og Håkon Furnes har tent på ideen og sponsa oss med t-skjorter! Det set vi umåteleg stor pris på! TUSEN TAKK!

bilde (3)

 

På juleavslutninga i dag fekk dei første elevane sine eksklusive t-skjorter!

Elevane som fekk t-skjorter på fellessamlinga i dag var Nora,  Jostein, Linea, Martin, Nathalie og Julie. På bilete til venstre ser du dei saman med rektor Bjørnar og inspektør Inger-Helen.

 

Prisregulering i SFO frå 01.01.2014

Vi har motteke melding frå Skulesjefen om at kommunestyret har endra betalingssatsen for SFO.

Meldinga er som følgjer:

Skulesjefen viser til vedtak i kommunestyret 19.12.2013 om gebyr og betalingssatsar for 2014. etter dette vart prisen i skulefritidsordninga auka.
Ny pris f.o.m. januar 2014:
• Heil plass, f.o.m. 12 t/veka – kr 2250,- pr mnd
• Delt plass, t.o.m. 11 t/veka – kr 1690,- pr mnd

Dette til orientering!

Bjørnar Fjellhaug

-rektor-

INFO VEKE 51

god jul

Info veke 50 – siste veka før jul

  • Det vert ikkje leksehjelp denne veka.
  • Fleire klassar gjennomføre adventsfrukostar.
  • Juleverkstad for heile skulen tysdag.
  • Julegudsteneste i Foldnes kyrkje på torsdag. Småskulen kl 0915 (småskulen er ansvarleg for opptrinn i kyrkja) og mellomsteget kl 1015. Vanleg skuledag før og etter gudstenestene.
  • Fritak frå gudstenesta må meldast skulen. Det kan gjerast ved å senda mail eller fylle ut skjema som du finn under skjema eller ved å trykkje her Fritak skolegudstjeneste. Elevar som ikkje skal vere med på gudsteneste, skal møte på skulen til alternativt opplegg.
  • Fredag er siste skuledag før jul. Alle elevar sluttar kl 1200. Buss vert kjørt ved skuleslutt. SFO er open til vanleg tid.
  • Infoskriv kjem i løpet av veka.
  • Vi ynskjer alle retteleg god jul.
  • Julestjerne-Betlehem-Messing-Metal-fra-El-Design.92986.0

RELASJONSFORELDREMØTE 2 MED JAN SPURKELAND ONSDAG 13. NOVEMBER KL 1730

VELKOMEN TIL FORELDREMØTE FOR HEILE SKULEN

Jan-Spurkeland_Krydder50-560x261

Bjorøy skule er inne i eit treårig pilotprosjekt med tema «Relasjonspedagogikk».

Jan Spurkeland er ansvarleg for prosjektet og vil fortelja De foreldre om prosjektet vårt saman med dei tilsette! Det vert bla. pedagogisk cafè

«Relasjonar er nøkkelen for å lukkast i skulekvardagen»

«Bjorøy skule skal vere ein relasjonsskule»

 

Onsdag 13. november kl 1730-2000

Gymsalen

Informasjon og ein «smakebit» av prosjektet!

Velkomne!

modellspurkeland-jan-relasjonspedagogikk

FOLKEMØTE «VI SKAL FÅ SLUTT PÅ ELEFANTEN SOM HAR TRAMPA RUNDT HER SIDAN I SOMMAR»

IMG_2957

 

Ein fullsett gymsal var samla til folkemøte i gymsalen på skulen i går, tysdag 29.oktober. Interessegruppa for bevaring av lokalsamfunnet på Bjorøy og Tyssøy hadde invitert til folkemøte for å behalda skulen på Bjorøy. Interessegruppa har gjort ein iherdig jobb med å kjempa for skulen opp mot politikarane. Administrasjonen i Fjell stilte ikkje, men det gjorde politikarane.

Les meir…

Info – veke 45

Litt info om veka som følgjer:

  • Folkemøte tysdag kl 1900 vedk. framtida til Bjorøy skule. Alle er velkomne!
  • Elevane er ferdig ein time tidlegare på torsdag. Elevane sluttar då kl 1230. Skyss er ordna etter skuleslutt. SFO er open som vanleg. Elevane avspaserer tida dei var på tur til Fløyen.
  • SU/SMU møte torsdag kl 1700
  • Opplæring for dei tilsette i skjult mobbing v/Tove Flack torsdag.
  • Kontaktsamtalar vert gjennomført denne veka.