Zippys venner

Zippys venner

zippylogoZippys venner er eit undervisningsprogram som vert brukt i 1. og 2. klasse på skulen vår.
Måla i Zippy er å identifisere og snakke om kjensler, å meistre dagleglivet sine problem og å støtte andre som har det vanskeleg.

Grunnprinsipp:

  • Positiv dugleik vert forsterka
  • Det finns ikkje riktige eller gale løysningar -berre meir eller mindre nyttige
  • Fokuser på løysninga, ikkje personen
  • Barna treng repetisjon og kontinuitet for å lære godt.
  • Barna praktiserer dugleikane sine i ulike settingar. Det er viktig at lærar er med på å overføre metodane i Zippy til kvardagssituasjonar. Dette kan vere i forhold til å be om hjelp, å tilby hjelp i t.d. garderobe og ved konfliktar.
  • Barna deltek og vert involvert.
  • Barna lærer av kvarandre.
  • Barna støttar og hjelper kvarandre i staden for å konkurrere.
  • Barna evaluerer si eiga meistring.
  • Programmet vert gjennomført i sin heilskap.

http://vfb.no/no/vare_tiltak/zippys_venner/