SFO

VELKOMEN TIL BJORØY SFO

Bjorøy skulefritidsordning.

Bjorøyvegen 202, 5177 Bjorøy.
Tlf nr.mobil: 91 88 82 16
Camilla Stenseth Ølnes er SFO-leiar.
Dei andre du møter på SFO er:
Therese Lunde
Monica Skauge
Evelyn Hopland
Nina Fiksen Fimreite

Tema i Bjorøy SFO er vennskap.

Målet vårt med dette er at:

• Barna veit kva ein god venn er.

• Barna veit korleis ein blir ein god venn.

• Barna veit korleis ein tek vare på godt vennskap.

• Barna veit kor godt det er å ha ein god venn

KVA ER SFO?

SFO er først og fremst barna sin fritidsarena. SFO har ikkje fagplanar eller pensum. Barna har rett til frie aktivitetar. Dei tileignar seg kunnskaper, dugleik, verdiar og haldningar gjennom leik. Det gir barna høve til vekst, utvikling og sosialisering. Leik har difor ein sentral plass i kvardagen på SFO. Leik gir barna venner, utfordringar, motgang, øving i å takle konfliktar, glede, humor og høve til å bearbeide opplevingar og kjensler. Tilsette skal vere observante og gje støtte i leiken når det er naudsynt. Vi skal vere tilgjengeleg for barna og bidra til å skape eit inkluderande miljø. Vaksne tilrettelegg for leik og aktivitetar, men det er lov å kjede seg. Barna må få lov å kjede seg fram til løysingar. Det er ein del av treninga av sjølvstende.
Vi ynskjer å fokusere på kvaliteten i samspelet mellom barna. Vi vaksne skal observere og vere bevisste på kommunikasjonen mellom barna. Vi skal ha klare grenser for kva som er akseptabel kommunikasjon og oppførsel barna i mellom og mellom barn og vaksne.
SFO = sjølvstendetrening. Vi arbeidar for at barna skal bli i stand til å klare daglege utfordringar. På SFO vert barna trent mot ”pensjonsalderen” – den dagen dei må gå heim lenge før føresette kjem frå jobb. Dei fleste seniorane på SFO knyt skolissene sjølv, men ikkje alle klarar å halde orden på tida, avtalar og hugsar å ete. Dei må hugse å skifte våte klede, ikkje bli solbrente, takle konfliktar – alt dette og mykje meir må vi vaksne lære dei før tida i SFO er over. Det vert forventa mykje meir av barn i skulealder enn i barnehagen. Om vi overdriv kontroll og organisering, gjer vi dei ei bjørneteneste. Barna må lære å kle på seg sjølv, halde litt orden, få i seg mat og samhandle med store og små.

INNTAK, ENDRINGAR OG OPPSEIINGAR

Hovedinntak til SFO skjer i vårsemesteret. Søknadsfrist er sett til 1 april. Det vert teke løpande opptak gjennom året dersom det er ledig kapasitet.
Skulle de ynskje å endre på, eller seie opp plass, må de gå inn på Fjell kommune si nettside. Endring av plasstype og oppseiingstida er sett til 3 mnd. rekna frå den 1. i mnd.

BETALINGSSATSAR

Pris

Prisar per månad for SFO
Grunnlag 2017
Heil plass, frå og med 11 timar pr veke. 2.480
Delt plass, til om med 10 timar pr veke.
(Frå 01.08 endra til ettermiddagsplass. Dvs. etter skuletid fram til 15.30.)
1.870
Morgonplass. Pris pr. mnd. 920
Søskenmoderasjon – barn nr. 2 25%
Søskenmoderasjon – barn nr. 3 50%
Ferietilbod (ingen søskenmoderasjon). Pris per veke. 845
Påmeldin/avmeldingskjema til sfo:
Betaling for opphald skjer etterskotsvis kvar månad til kommunekasseraren i Fjell.
Dersom barna blir henta for seint må dei føresette betale kr 250 på kvar påbegynte time.
Nytt haust 2017: Info frå kommunen ang. søskenmoderasjon mellom skule og sfo:

OPNINGSTIDER

SFO er open kvar dag frå 07.30 – 08.15. Vi har også ope kvar dag etter skuletid til kl 16.30.  Vi har ope i haustferien, vinterferien, og 3 veker av sommarferien frå 07.30- 16.30. Det er påmelding til ferie sfo på kommunen si nettside. Svarfristane må overhaldast, for å få rett antal vaksne på jobb.

BARNETALET

Skuleåret 2017-2018 er det påmeldt  barn på SFO.  Dette er fordelt slik:
1.trinn:
2.trinn:
3.trinn:
4.trinn:

DEI VAKSNE PÅ SFO

Vi skal vere omsorgsfulle. Vi snakkar med barna og møter dei på deira ståstad, og vi skal krydre kvardagen med små og store aktivitetar. Dei vaksne skal vere engasjert i det daglege arbeidet med barna. Vi ynskjer å formidle glede og vere imøtekomande overfor føresette. Føresette skal kjenne ein god atmosfære på vår SFO. Vi har eit godt samarbeid personalet imellom. Støynivået er høgt, men vi vil likevel tenke på moglegheitene og ikkje på avgrensingane.

TELEFON

SFO mobil tlf  91 88 82 16
Skulen sitt kontor: 55 09 75 80

E- POST ADRESSE:

PILOTSKULE

Bjorøy skule\ sfo har vore pilotskole i Fjell kommune ved å ha relasjonspedagokikk som tema i 3 år. Tilsette ved skulen har fått kurs om tema i leiing fra Jan Spukeland. Han er forfattar som  har erfaring i leiing og personalutvikling.

TSK

I Fjell kommune har alle skular og sfo programmet TSK. Dette står for Tydeleg, støttande, kommunikasjonsstil. Dette er eit satsingsområde fordi forsking syner at det i dagens samfunn  vert brukt meir tid på handtering av det sosiale i skulekvardagen , i tillegg til fag.

FORELDRESAMARBEID

Føresette kan til ei kvar tid be om samtale med SFO-leiar eller andre ved SFO. Vi kallar inn til samtalar og møte når vi ser det er behov. Ellers informerer vi kontinuerleg om noko særskilt skjer i løpet av dagen.

PLANLEGGINGSDAGAR SKULEÅRET 2017-2018

Vi følgjer skuleruta til Fjell kommune.

MAT

Alle må ha med eigen matpakke til måltidet på ettermiddagen. Vi et kvar dag ca kl 14.  Dersom det er ynskjeleg, kan barna ha med seg matpakke og ete frukost på SFO.   Å ete saman med andre og oppleve fellesskapet ved bordet, er ei nyttig erfaring og læring.

KLEDE

Alle barna må ha med ekstra skift- både for skule og SFO. Det er viktig at det er klede som er eigna for leik og moro, passande til vær og vind.
Hugs at alt av klede, luer, vottar etc. skal merkast med namn.

HENTING  NÅR BARNA IKKJE SKAL PÅ SFO

Skriftleg/ eller beskjed pr. telefon når:
– barnet har fri, er sjuk, eller andre endringar. Det er ikkje godt nok at barnet sjølv kjem og seier at det ikkje skal på SFO. Oppnår vi ikkje kontakt med føresette, blir barnet på SFO.
– er det andre enn dei som vanlegvis hentar barnet skal hente, må vi få beskjed
– og dersom barn som etter avtale skal gå aleine heim, går tidlegare enn det som er avtalt med føresette.
Gi alltid beskjed til ein vaksen når barnet blir henta!

MOTTO: Se når de lykkes!