Plasstyper og priser

Plasstyper Bjorøy SFO (Gjeldande frå 01.08.20):

Vi har disse 4 plasstypene:

Heil plass (5t)

Redusert plass (3,5 t)

Etter skuletid (2,5t)

Morgonopphald (1,5t)

priser og søknadsskjema

§8 Inntak

  • Alle elevar i 1. – 4. klasse er sikra plass etter søknad. Eleven har plassen til plassen vert sagt oppeller ut 4. klasse.
  • Leiar i skulefritidsordninga og einingsleiar administrerer plass i SFO.

Søknadsfrist for hovudinntaket i skulefritidsordninga er 15.april.

Eleven har plassen ut 4.klasse, eller til plassen blir oppsagt.

Dersom plassen til eit barn vert sagt opp eller endra i skuleåret, er det 1 månad skriftleg oppseiingstid, gjeldande frå den 15. i kvar månad.

Ved oppseiing eller endring av plass etter 15. april, må ein betale for SFO-plassen ut skuleåret.

Ved flytting frå kommunen gjeld oppseiingsreglane.

 

§10.3 Opphald og foreldrebetaling

Foreldrebetalinga skal vera med å dekka kostnadane til løn for ordinært personale tilsett i skulefritidsordninga og driftskostnader til materiell og utstyr.

Det er fire alternativ for opphald:

  • Heil plass, frå kl. 07.00 til kl. 16.30/17.00
  • Redusert plass kl. 07.00 til kl. 15.30
  • Etter skuletid til kl. 15.30/16.30/17.00
  • Morgonopphald før skuletid frå kl. 07.00 til skulestart

Samarbeidsutvalet ved den enkelte skule kan vedta endring i opningstid innafor dei økonomiske rammene til SFO.

  • Ved den einskilde eining kan det verte ekstra betaling for mat/drikke.
  • Det vert kravd foreldrebetaling for 10 terminar pr. år. Utanom dette vert det kravd ekstra betaling for opphald i skulen sine ferie- og fridagar, og for tilfeldig dagsopphald.
  • Dersom eleven vert henta for seint i SFO, må foreldra betala ei avgift for kvar påbyrja halvtime. Det vert ikkje gitt søskenmoderasjon ved for sein henting av fleire elevar.
  • Det vert kravd betaling for opphald etter dei betalingssatsane og retningslinene som til ei kvar tid er vedteke av kommunestyret.
  • Det vert gjeven søskenmoderasjon på 30% for barn nr 2 og 50% for barn nr 3 og 4.

(Vedtektene er gjeldande frå 01.08.2020)