Skulebruksplanen på høyring

Komité for drift vedtok 22.01.13 samrøystes å leggje ut «Skulestruktur for Fjell kommune 2013-2030″ til høyring. For Bjorøy skule ligg det forslag om å byggje om og setje opp paviljongar frå 2014 for at skulen skal få ein kapasitet på inntil 150 elevar. Skulen skal på nytt vurderast i 2020 med tanke på vidare drift i høve utbygging og elevvekst. Det vert no seks veker med høyring og folkemøter om ny skulebruksplan. Sjølve planen finn du på www.fjell.kommune.no

Høyringsfristen er 05.mars.

Comments are closed.