Sykkel-VM

Helga 23.-24.september er det den store VM-helgen for oss i Fjell kommune. Det er eit stort arrangement på Sartor senter/Straume både lørdag og søndag. På søndag kan skulane på Lille-Sotra og Bjorøy få opptre på scenen. Bjorøy skule har ikkje innslag der, men elevane kan vere med å danse VM-dansen og dei kan vere med på mykje anna gøy. Det vil være representantar frå Bjorøy skule tilstades på arrangementet. Elever som ynskjer å vere med må stille saman med vaksne. Skulen tek ikkje ansvar for elevane denne dagen.

Planane rundt arrangementet og elevdeltakinga har endra seg i løpet av planlegginga av VM. I starten ville vi leggje ein obligatorisk skuledag søndagen for å få alle med oss. Dette har skulane på Lille-Sotra og vi på Bjorøy gått tilbake på. Grunnen til dette er at vi ikke er trygge på at vi klarar å ta ansvar for alle på ein god og sikker måte på eit så stort arrangement som dette har blitt. På Bjorøy fann vi det også vanskeleg å påleggje alle å køyre til Straume denne dagen. Sotrabrua er stengd i periodar så det kan vere vanskeleg å komme til og frå.

Vi oppfrodrar likevel alle til å vere med å heie denne helga. Enten på Straume eller andre stader langs løypa.

Les meir om det som skjer på Straume her:

http://www.sykkelivest.no/sykkel-vm/fansoner/sotra-kystby/

 

Bileta er frå 2. og 3.klasse sin VM-fest

Comments are closed.